Annonsere med Vikebladet
Kontaktiere uns
Kontaktiere uns
Vikebladet
Finn nyttig kontaktinformasjon til Vikebladet her! Lokalavis for Hareid og Ulstein, kommunar på Sunnmøre. Nettavisa Vikebladet.no er ei av dei største i regionen, og har over 20.000 unike brukarar kvar veke.
Papiravisa kjem ut to gonger i veka (tysdag, fredag) og har eit opplag på 4.120 i 2020. I tillegg kjem avisa jamnleg ut til fem kommunar i regionen.
Annonsefristar:
Plassbestilling til tysdag: Fredag kl. 11.00
Levering av ferdigmateriell til tysdag: Måndag kl. 11.00.
Plassbestilling til fredag: Onsdag kl. 11.00
Levering av ferdigmateriell til fredag: Torsdag kl. 11.00.
Ferdigmateriell
Ferdigmateriell er materiell som leverast som eps eller pdf-fil med innbakte fonter og bilder i trykk-kvalitet, i gråtonar eller CMYKfargar og i den størrelsen som er bestilt. Materiell levert som Word-, Powerpoint- eller Excelfiler eller som andre opne og/eller ufullstendige dokument er ikkje å rekne som ferdigmateriell. Bearbeiding av slikt materiell levert som ferdigmateriell vil medføre ekstra kostnadar for annonsøren. Ferdigmateriell skal overførast digitalt.
Produksjon
Vikebladet tilbyr produksjon av annonsar. For meir info om kva vi kan tilby og prisar ta kontakt på telefon 70 01 85 00 eller send e-post til: annonse@vikebladet.no Publiseringsklart materiell sendast på e-post til annonse@vikebladet.no
Generell informasjon
Eit annonsedøgn reknast frå midnatt til midnatt. Digitale kampanjar startar rett over midnatt dersom ikkje anna er avtalt.
Publiseringsklart materiell sendast på e-post til annonse@vikebladet.no .